Velkommen til Storg..ata .. eh i bryne sentrum

16.06.2015 17:32

Så var vi her .. i storgata på bryne .. det er kaldt, det er stille det er ikkje ein sjel, nei det er heilt dødt her, uansett kva tid eller dag du kjem her er det heilt "dødt".

Det er trist å sjå at det ein hugsar frå barndommen var ei gate fyllt med  kjekke butikkar, kafèar, prat  og folkeliv idag har ein så trist, tom og spøkelseaktig gate som nesten kun kan by på galleier og begravelsebyrå.

Når eg va lita kunne ein kosa oss på handleturar i bryne ein kunne gå på Salikat og eta lynsj, eller på Roxman. Ein kunne gå på Nille, Netto,  Rustika, Libris, Bok og media ( idag Vivo). Me gjekk innom  innom på Tjemsland å kjøpa is og setta oss på torget. Det kan ein forsåvidt enno.. , men då eg va lita gjekk me innom der for å kikka på leker, helst på salg .. eller det eg likte best "Morrosaker"  det ein ein kunne lura nokon med.  Og på Haloween gjekk me alltid innom Nille og Tjemsland for Haloween pynt, utkledning, sminke.

( Meg og syster mi i Brynesenrum 2007, snart 10 år siden )

Og då me blei eldre og passte andre gjekk alltid innom Tjemsland fyrst eller på veg heim.. , men etter at dei slutta med lekene har eg ikkje godt der lenger. Eg er ikkje interssert i dyre knuseting eller skamdyr is, ( 40 kr for ein milkshake lokkar meg ikkje akkurat inn) Eg går heller forbi og lagar milkshake heima.   

Det neste eg tenker er kvar lenge skal det vara? kor tid blir neste gong me kan ta ein gild handletur gjennom storgata i bryne?

Ingeting for ungdommane

Det som heller ikkje er  gildt og som me har masa om i alle år er noko som ungdommane kan gå på både i vekene og kveldstid i helgene.. når eg var ungdom var det ingenting for oss å gå på i sentrum, det er det ikkje no heller ..

Nyheitene om at Peppis pizza forsvinn gjer det ikkje betre finnst ingen kosligare stad, den einaste plassen som er for heile familien, ein stad ungdommane som ikkje er gamle nok til å gå ut på utestedene kunne gå..  Kvar skal dei gå no? kvar skal dei med born gå ut å eta?

Sats på billigare spisestad

Eg skal innrømme ein ting .. på Peppes var det gruele dyrt og ein kunne ikkje gå her mykje dessverre og det er slett ikkje alle som hadde råd til å gå ger heller .. synd at det "berre" skal lagast dyre utestader / kafear / resturanger her i bryne eller (ellers i noreg òg..) og etter ei stund tar det slutt/ går konk. Ta f.eks mathallen kven her frå Bryne gir 100 kroningen for ei suppeskål?

Eller slik som på Peppes pizza Salat til hundrelappen eller helst langt over? Eller eit par kuler med iskrem og noko attåt også til rundt 100 kr.

Eller ta jorbærpikene ein bitte liten pai på str med eit lite tefat til over hundre kr det også.. (SERIØST!?)

Mitt store ynskje er at det skal kome ein koselig innreda (ikkje morderne, men noko slik som på peppes) stad

for heile familien, som er for alle også dei som ikkje er så rike, der ein kan gå med ungane , der ungdommane som ikkje er fyllt 18 kan sitta om kveldane, med koselig musikk, lekerom, god mat og drikka ( til ein rimelig pris) slush/smudi og is, og ei godt utval fristane Barnadrinkar til dei minste og  alkoholfrie drinkar til dei under 18 år eller som ikkje vil drikka..

Er det billigare lokkar det kundar og fleire kan gå her oftare (kanskje fleir gånger pr månad), men ein ting eg er sikker på,  det er lettare for ein kafe å lykkast i Bryne sentrum om det var ei levande gate med folk og butikkar her.. då hadde dei aller fleste som handla i storgata gått innom for ein matbete eller ein kopp kaffi.. så lenge det ikkje er for dyrt då..